Det er noko litt kontraintuitivt over å skrive om song. Liksom musikken kan skildre det vi ikkje får sagt med ord, kan ikkje ord alltid skildre musikken. Derfor er Arbeidarsong.no meint som ein lydressurs til boka Arbeidarsong.

I første omgang har eg laga ei enkel speleliste med songar som er omtalt i boka, men dessverre manglar mange. Årsaka er at arbeidarsongen tradisjonelt er munnleg tradert, altså lært vidare gjennom songhandlingar. Frå gamalt av manglar ofte det som vanlegvis dokumenterer musikk, slik som notar og innspelingar. Songane kan fort bli borte med minnet til dei som kunne melodien.

Der det finst innspelingar av norske arbeidarsongar, er dei ofte i ikkje-digitale format, eller så ligg dei løynt i dei inste avkrokar av internett. For forsøksvis å få kjensla av dei eldste arbeidarsongane kan ein også lytte seg fram til innspelingar på heilt andre språk, til heilt andre tekstar.

I arbeidet med boka Arbeidarsong har eg leita meg fram til mykje av dette. Vona er at eg med tida skal kunne dele lydspora vidare, så denne sida kan samle lyden av arbeidarrørsla, frå 1850 til i dag.

Liksom musikk kan skildre det vi ikkje får sagt med ord,
kan ikkje ord alltid skildre musikken.